tirsdag, juli 14, 2009

Ei lang historie kort

Lea er sjuk, og vi tobeinte er bekymra... No ventar vi på blodprøveresultat, håper dei gir svar, viss ikkje - er vi heilt blanke!

Etterkvart viser det seg at denne historia med sjuk Lea vert rimeleg lang. Mest av interesse for meg og Janita kanskje, så for å gjere ei lang historie kort, har eg samla historia saman i dette innlegget, og vil oppdatere det etterkvart… Blar du i bloggen vil du finne alt dag for dag, eller du kan navigere deg ved å klikke på linkane under her.

Eg har vore i kontakt med fire veterinærar, to hovslagarar, mykje hestefolk og lest side opp og side ned på internett... Framleis står Lea utan noko diagnose... Vi har vore innom mange mistankar, men alt har blitt avkrefta, unntatt ein - som vi no ventar svar på.

Onsdag 24. juni:
Lea er halt i høgre bakfot. Veterinær finn ingenting. Hovslagar finn ingen hovbyll.

Trykk på dagane for å lese meir: 
Onsdag, torsdag og fredag.

Søndag 28. juni:
Lea avlastar no venstre bakfot. Overbelastning? Les meir…

Måndag 29. juni:
Lea er tydleg verre i begge bakføtene, kanskje litt mindre i høgre bakfot no. Ikkje forfangenheit. Les meir…

Tysdag 30. juni:
Veterinærbesøk. Stiv i bakparten, ser ut som krysslammelse, utan at det er det. Halt i venstre bakfot. Les meir… og frå onsdag…

Torsdag 2. juli:
Finn noko i bekkenet, som kan vere årsak til stivheit i bakparten. Masserer, går korte turar og gjer bøy og tøy med Lea i ei veke.Kan sjå ut som ho er litt bedre, men får fortsatt metacam (smertestillande). Les meir…

Måndag 6. juli:
Leitar etter hovbyll ved hjelp av temperaturmålar, finn ingenting.  Les meir… og litt optimistisk oppdatering frå onsdag…

Torsdag 9. juli:
Lea er verre, halt i høgre framfot, stiv i bakparten, antydning til halt i venstre framfot, og det same i venstre bakfot. Ny runde med smertestillande blir starta. Les meir…

Måndag 13. juli:
Veterinærbesøk igjen. Undersøkjer grundig igjen. Tek blodprøve for å sjekke muskelverdiar og diverse anna, samt for borreliose (etter flåttebitt).

I tillegg til desse symptoma som flyttar seg, har ho begynt å klø veldig overalt, mykje meir enn "normalt" for Lea.  Les meir før veterinærbesøk og etter blodprøver er tatt…

No ventar vi på svar på blodprøvene, dei første i løpet av dagen i morgon, og borreliose-prøvene innan ei veke. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar