mandag, juli 19, 2010

Gratulerer Volda og Ørsta og resten!

NM Fjordhest 2010 er over. Ei fantastisk veke! Det blir litt nedtur å gå tilbake til kvardagen, men slik er det berre.

Ein liten smakebit frå resultatet søndag:

NM Fjordhest 411Volda rideklubb sitt lag tok sølv. Ørsta ride- og køyreklubb sitt lag tok bronse, og Isabell Øye med Brautar frå Ørsta tok sølv i seniorklassa.

Gratulerer alle saman, og til alle andre vinnarane!

Og ikkje minst, gratulerer så mykje til Ørsta ride- og køyreklubb og Ørsta og Volda fjordhestlag med eit fantastisk flott gjennomført arrangement!! Dette har vore supert!

fredag, juli 16, 2010

Bilder frå LA:3 - onsdag

Eg ligg litt etter med bilda, det vert mange bilder på ein dag… Men her er iallfall litt bilder frå onsdag. Satsar på fleire kjem.

http://foto.annikaogsindre.com/#19

I morgon er det maratonkøyring. Anbefalar alle til å ta turen til Ørsta for å få med seg fart og spenning! Startar kl 10.00, og held på til om lag kl 15.30. Publikumsvennleg konkurranse, også for dei som ikkje er spesielt hesteinteresserte!

onsdag, juli 14, 2010

Litt bilder frå NM

NM Fjordhest i Ørsta er i gong, og første konkurransedagen er over. Eg har knipsa nok bilder, prøvar å sortere ut litt no, for å legge ut på nett. Her er første smakebit.

Folk og dyr – trykk på play-pila for å spele av, så skiftar bilda automatisk.

http://foto.annikaogsindre.com/#18

lørdag, juli 10, 2010

Ut på tur under NM?

I samband med NM Fjordhest 13.-18. juli har Ørsta reiselivslag satt opp eit turprogram i nærområdet dei dagane NM pågår, eit flott turopplegg for dei som ønskjer å sjå meir av Ørsta og omegn.

Det vert sett opp minibuss, med påstigning på stemneplassen og turistkontoret. Reiselivslaget ber om at alle melder seg på dagen før, slik at dei ser om dei treng ein eller to minibussar. Påmelding skjer til telefon 70068518 eller info@orstainfo.no.

Turprogrammet for veka finn du på NM si offisielle nettside; www.fjordhestnm.com, under menyvalet “Ut på tur?”.

Ørsta reiselivslag har lagt opp til tur til Bjørkedalsvatnet, Ivar Aasen-tunet, sentrumsvandring i Ørsta, busstur gjennom Sunnmørsalpane til Hjørundfjorden og fottur til Sætra, båttur på Hjørundfjorden og tur til øyriket i vest, fottur til utsiktsfjellet Muletua på Nerlandsøy.

Velkomne til tur!

Det nærmar seg NM Fjordhest 2010!

Det er lenge sidan eg har skreve i bloggen no. Lea har reist til Volda, og Lea og Janita kosar seg saman i sommar.

Eg droppar ei lang oppdatering, og hoppar rett på noko nytt!

På tysdag startar NM Fjordhest, og som dei fleste veit skal det vere i Ørsta i år. Eg gler meg stort, og er veldig glad for å få vere litt med på laget. 

image
Maratonen vert nok spanande på fredag! Her frå ei maratonkonkurranse på Nordfjordeid i fjor. Foto: Ingvild R. Hansen

13.- 18. juli er datoen, og Ørsta er staden.

Det er ikkje så lenge sidan det låg ei lita sak om det på framsida på hest.no; Mange påmelde til NM Fjordhest og eg reknar med det kjem meir i løpet av veka.

Eg har ein plan om å få blogga frå veka, både resultat og bilder. Håper det let seg gjere.

Lykke til, alle som skal delta! Og vi andre lyt heie stort, som vanleg!

fredag, juli 02, 2010

Huskar de “Pus i stallen”?

For nesten eit år sidan skreiv eg innlegget “Pus i stallen”. imagePus, i august 2009.

Han kom og slo seg ned i stallen… Mamma syns synd på den skjønne og tillitsfulle katten, og tok han med seg heim, i håp om at eigaren ville dukke opp (etter at han tydleg hadde vore på vandring veeldig lenge, og vore i stallen i over ei veke).

imageEtter 4-5 annonser i lokalavisa, etterlysning via Facebook, blogg og jungeltelegraf, var det ingen som sakna katten, og han har då blitt verande hos mamma.

Ho har fått seg ein katt med utruleg mykje personlegheit i, iallfall!   

Sommar-012

No har han fått nokre gram (kilo?) meir på kroppen, og lever livets glade dagar på Bjåstad :)

Sommar-010

 

 image Sommar-012Enklare å sjå forskjellen med bilda side om side: