torsdag, mars 04, 2010

Lea på tur på eiga hand

I dag fann Lea ut at ho skulle teste ut sprangegenskapane sine på eigahand, og tok liksogodt å hoppa ut av paddocken i ettermiddag. Heldigvis holdt ho seg attme gjerde. Sugar var igjen i gjerde, så det var vel kjekkast å vere nær ho likevel.

Naboen ringte å fortalde om laus hest, men då mamma kom i stallen hadde dei klart å få tak i ho å sleppe ho inn i gjerde igjen.

Må innrømme eg er møkklei snø og frosen bakke no, vil ha VÅR! Håper likevel vi kan få ned bedre jording til straumapparatet, slik at der blir bedre straum i gjerde no, så Lea får respekt for tråden igjen!

Frosen bakke = dårleg jording = lite straum i gjerde!

onsdag, mars 03, 2010

Gratulerer med dagen, Abel Elias!

Måndag var vesle Abel Elias 1 år. Lea, Sugar og vi tobeinte gratulerer så mykje med overstått!

annika2

Forsinka gratulasjon, og forsinka pakke er på vei i posten ganske snart…

I dag har hovslagar Otterstad vore på besøk, og hovane til Lea ser fortsatt bra ut. Dei veks godt, og det er snart berre frisk hov igjen, heldigvis!

Det har vore ein lang og seig vinter, vi ser fram til VÅR!