tirsdag, oktober 07, 2008

På kurs i Volda

Volda rideklubb er veldig flinke til å arrangere både kurs og stemner. Der er stor aktivitet. Og når sjansen baud seg, til at eg kunne vere med på kurs utan å måtte transportere hest, nytta eg høve.

Stig Vesteraa har holdt kurs i Volda tidlegare, og det har vore gode tilbakemeldingar frå dei som har vore med, så eg tenkte det var greit å prøve ein time med undervisning, saman med Lea foran vogn. Det er veldig lenge sidan eg har ridd eller kjørt for instruktør no, og det merka eg i går...

image

Etter litt om og men, fekk eg henta inn Lea frå beite ho gikk på (to store brune beitekompisar som er forelska i Lea og kosesjuke, gjorde meg litt usikker, men dei var visst snille...). Strigla ho ei god runde, og sela på med den nye maratonselen hennar. Litt rar syns ho nok den var, men ho blei rett so fin i den! Så var det berre å traske avgårde. Vogna vi skulle bruke stod nemlig fram på bana, så vi fikk god trim, både eg og Lea før timen, sidan det er ca 30 minutt å spasere i raskt Lea-tempo ;o)

imageVi kom på bana eit minutt for seint, men heldigvis  var dei litt seint ute frå før av også, så det gikk fint. I motsetning til forrige helg var det i dag strålande ver egentlig. Sola titta fram innimellom, og det var akkurat passelig temperatur til å bli litt varm i.

Snilde Liv Jorunn lånte meg vogn, som ho hadde kjørt ned på ridebana, så den stod klar der. [fet]Tusen takk for lånet![/fet] Stig hjelpte meg å spenne for Lea i vogna, før vi kjørte nokre runder på bana. Vi jobba mest med tempo på Lea, sidan Lea og Stig har litt ulik meining om kva som er passe tempo. Ho var litt stiv på venstre hand, så når vi skifta til høgre hand, fungerte ho mykje bedre, så her er nok litt å jobbe med:o)

image Som eg skreiv innleiingsvis, merka eg det var lenge sidan eg har hatt intruktør som tyt meg i øyra. Her var det mykje informasjon på ein gong, og mykje å huske på... Det gikk stort sett greit, men det var fole lett å gløyme ein av tinga då. Etter ein halvtime med god jobbing på bana, såg eg merkbar endring, og det var nok mykje at eg klarte å vere tydligare til Lea på kva eg meinte, så må vel tempo berre fortsette å jobbast med:o)

Lea var glad for å kome ut igjen å finne seg litt mat, og eg sat att med eit kjekt inntrykk frå kurs. Tusen takk for eg fekk bli med på kurs med Lea, Janita! D et blir spennande å sjå fortsettelsen! Vi gler oss! For om ikkje lenge, er nemleg planen at Lea skal kome på besøk til Sugar, og forhåpentligvis vil ho stortrives der:) Bilde på heimveg, er knipsa av meg sjølv. Det er så vakkert i Volda! Dei andre imagetre bilda er det Ida/Andy som har knipsa, med Ann-Lajla sitt kamera. Tusen takk!

Når timen var vel overstått, returnerte vi til Heltne-stallen, men no med vogn. Dessverre gløymte eg køyrepisk, så det var litt vanskleg å holde eit ok tempo på heimveg, men vi kom oss fint heim. Lea stod fint og rolig så eg fekk spent ho frå vogna aleine uten problem. Det er lenge sidan eg har kjørt heilt aleine, men det såg ikkje ut til å by på nokon store problem heldigvis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar