søndag, mai 10, 2009

Vaksine og influensa

DSC00032 Har visst ikkje blogga den siste veka. Ei kort oppsummering av ei litt laber veke med veterinærbesøk og sjuk Annika…

Tysdag kom veterinær Henriette med Sunnmørsposten “på slep”, og Lea fikk vaksine. Dessverre ingen bilder i avisa frå besøket, berre ei setning om Lea…

Det plaskregna ute, og hestane var egentlig berre glad for å komme inn til middagsforing den dagen.

Alt gikk fint, Lea stod heilt i ro, så Henriette fekk tatt både feber, lytta og sett sprøyte. Alt i den skjønnaste orden, og Henriette konkluderte med at det var ei stor dame, til fjording å vere, men absolutt fin.

Onsdag fekk Lea fri, og var egentlig ikkje heilt seg sjølv. Ho la på øyrene til mamma i gjerde, og var sur med meg på boksa, så det var best å la ho vere i fred sikkert. Eg konkluderte med at det mest truleg var vaksina, og det hadde eg nok rett i, for dagen etter var alt normalt igjen.

Torsdag tenkte vi å labbe i vei på tur igjen, men sidan det berre er Lea som har fått vaksine for influensa av oss to, går visst ikkje eg klar. Torsdag var det sår hals og snufsing, fredag likedan, pluss jobbing frå morgon til kveld.

Laurdag meldte feberen sin ankomst, og Sindre måtte steppe inn som stallhjelp;) Sofaen er fortsatt den beste vennen i dag (søndag), håper eg er frisk og fin igjen i morgon, så vi kan få oss ein tur i lag igjen snart… Lea kosar seg sjølvsagt ute, og sørger for litt eigentrening. Kanskje får vi til ein liten tur i kveld, om eg hiv innpå med litt pillar;) Lea syns sikkert det er eit dumt påfunn, og ser helst at ho får fri.. Har fått smaken på det no…

Avsluttar med nokre bilder, trur dei er frå måndag…

DSC00042DSC00038

Både Lea og Sugar veit å marinere seg godt med gjørme. Ikkje så synleg på Sugar her då, men ho var like fin ho som Lea!!

DSC00025

1 kommentar:

  1. Oi, sjeldent Lea rulla sej og blir så skitten!!! :o Jaja :)

    God bedring! :D :D

    SvarSlett