mandag, juli 06, 2009

Besøk av veterinær Stava

Camilla Stava var på besøk torsdag, og undersøkte Lea grundig. Det verkar som det sit i bekkenet, at ho har fått ein strekk eller noko der, etter eit fall på beite kanskje? Vanskleg å seie kva det kjem av.

Eg fekk ein del øvelsar og tips til vidare behandling, så får vi ta tida til hjelp.

No blir Lea massert med Arnika-gel kvar kveld, strekt og bøygd på, både bein og nakke, “ryggløft” og spasere ein liten tur.

Sidan vi drog av skoen første kvelden grunna mistanke om hovbyll, er no Lea blitt sårføtt på den foten. I dag kjem Otterstad for å sette på ny sko. Sidan Otterstad var på desse kantar likevel, og har litt ekstrautstyr, blei det til at eg let han kome å sko no når ho har litt problemer med å “stå på tre bein”, sjølv om eg ikkje lenger mistenker hovbyll.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar