I går kveld, eller i natt, har det vore ubedne gjestar på tur i stallen vår. Eg kjenner eg blir mest fortvila og irritert. Kva om dei hadde funne på å gjere hestane noko…? Heldigvis såg alt bra ut med dei.
Kanskje det er nokon som syns dei skulle gjere meg ei teneste, å rydde litt på kroken min? Eller er det Lea som har fått nokon til å fjerne grimene, om ho syns dei er fæle? ;) Må prøve å tenke alternative baner, skal eg ikkje bli altfor sint.
Denne grima, og to andre er sporlaust vekke. Og eit leietau. Ikkje at det er det heilt store tapet, men det er prinsippet, det å vite at der har vore folk inne, uansett kven det er. Det er FREKT! Og ubehaglig å vite…
Vi får håpe der er ei naturlig forklaring på dette – men det spørs om vi ikkje må gjere litt meir tiltak i stallen no. Kanskje vi må til med videoovervaking?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar