mandag, april 26, 2010

Ei tøff/vemodig avgjerdsle…

Eg har hatt Lea sidan oktober 2008. Avtalen mellom meg og Janita var at eg skulle iallfall ha ho til sommaren 2010. Sommaren 2010 nærmar seg, og eg har tenkt mykje på det å ha hest vidare…

imageSommaren 2009 var spesiell, veldig spesiell. Ein så sjuk hest som Lea var då, håper eg aldri at eg (eller nokon andre for den del) må oppleve igjen… Men Lea blei etterkvart frisk, og har snart heilt fine hovar også.

Sommarens sjukdom tappa meg nok for meir energi enn eg var klar over, og med til tider veldig mykje kveldsjobbing eller –møter, har det ikkje vore like god tid til hest som eg skulle ynskje.

imageSidan vi no går mot lysare tider, og det er litt stillare på jobbfronten, såg eg litt lysare på hest no, og hadde bestemt meg for å vente med ei avgjerdsle før mai/juni på kor vidt eg kunne ha Lea vidare.

Men dessverre må eg nok berre innsjå at eg er litt for utrygg på Lea (etter nokre litt uoverenstemmelsar), og ho fortener nokon som har tid til ho kvar dag, og det kan dessverre ikkje eg tilby ho.

image

Derfor blir det til at Lea reiser tilbake til Janita i løpet av forsommaren. Håper det dukkar opp ei god løysing for både Lea/Janita og at Sugar får seg selskapshest like raskt…

image

Er veldig lei meg for at det blei slik, men av og til må ein høyre på fornufta, og ikkje alle følelsane…

1 kommentar:

  1. Forstår deg godt når du seier det har vore eit vanskeleg valg å ta. Men likevel er det sikkert godt å ha bestemt seg sjølv om det vart slik. Ein blir jo så gla i desse pelsdottane. Eg skulle sikkert med fordel solgt iallefall den eine av mine, men eg greier det berre ikkje. Men sånn det er no ser det ut til at begge er fornøgde og kjekke sjølv om det ikkje blir tur kvar dag, og då kan ein leve med det enno ei stund. Heldigvis har du kort veg og god kontakt med Janita så du kan besøke Lea :)

    SvarSlett