søndag, september 26, 2010

Ny adresse til bloggen

Lea reiste tilbake til Volda 22. mai (og no har ho reist vidare til Nordmøre), og sidan bloggen har adressa http://learolita.blogspot.com, har ikkje det vore heilt rett å fortsette å blogge her…

image

Samtidig inneheld den veldig mykje historie frå tida Lea var på Hjørungavåg, og tida ho var sjuk, så eg vil ikkje slette bloggen. Og fortsatt hender det jo at eg vil blogge litt om hestlege ting.

image

Endrar derfor adressa på bloggen, til http://annikahest.blogspot.com/ ganske straks. Alle innlegg vert med over på ny adresse.

Så dei som følger denne bloggen må endre adressa i lista si :) Eg ville egentlig ha med Sugar sitt namn i bloggadressa, men anten er det alt brukt, eller så ser det ganske rart ut, så då blei det slik…

(Mamma: Har oppdatert ny adresse til deg).

1 kommentar: