søndag, april 24, 2011

Nydlige Sunnmøre ♥

Innlegget om utstyr til sals/gis vekk finn du her (link)

Dette innlegget er opprinnleg publisert på den “vanlege” bloggen min, men sidan det er ein del hestebilder her, kopierer eg berre same innlegget hit Smilefjes

Eit lite bilderas av Sunnmørsnatur med litt hest og hund innimellom.

Langfredag og påskeafta baud på årets to første sommardagar! I dag er det fortsatt fint, sola skein tidlegare i dag, men det er ein del vind og no skyer. Men eg skal ikkje klage. Det er nydleg kjekt med slikt ver når vi attpåtil har fri!

image

Eg og mamma reiste til Øye på formiddagen i går, for å besøke Sugar. Vi kunne nok ikkje valgt ein bedre dag å sjå Hjørundfjorden på!

IMG_1770

Vel framme på Øye blei vi møtt av fornøgde hestar og blide folk!

IMG_1792

Vakker natur på Øye!

IMG_1796

Sugar og Andante har blitt veldig gode vennar - ingen tvil!

IMG_1799

IMG_1800

Sugar var ikkje så fotogen i går, ho var mest opptatt av å jåle seg for Andante, men Andante poserte litt iallfall.

IMG_1853

Og det gjorde denne frøkna her også - poserte altså.

IMG_1857

Neste gong vi besøker Sugar satsar vi på at ho er litt meir pratsom, men det er iallfall ingen tvil om at ho trives på Øye, og har det godt.

På ettermiddagen vart det ein tur til Flø, på Moods og Studio Hugo, og deretter grilling i fjøra.

IMG_1879

Den rosa traktoren til Moods utføre butikken…

IMG_1885

…er ikkje det einaste som fins i rosa der…

IMG_1886

Men mest fascinert blei eg over lyskrona i taket. Ikkje så godt å sjå på bildet, men den er laga av Norgesglas!

IMG_1887

Vi grilla i fjøra, med eingongsgrillar. Dei var nesten heilt umulege å få fyr på - ikkje pga vind, men pga mangel på tennveske på grillane. Men heldigvis var det tennveske å oppdrive på Flø - takk for redding av middagen til familien Røyset Roppen! Grillane var kjøpt i går, eg kjøpte til og med to for å ha ein i backup… Men kanskje har dei vore lagra frå i fjor, og tennveska fordampa i løpet av vinteren…? Jaja, det blei middag på oss!

IMG_1888

Flø er som alltid vakker!

1 kommentar:

  1. den ene hesten dom har bles ligner på en hest som hester ferrari!!!

    SvarSlett