torsdag, august 04, 2011

Gratulerer Liv Jorunn & Pokemann og Volda rideklubb

Volda rideklubb og fjordhest (spesielt NM) vil alltid bety litt ekstra for meg. Dette blogginnlegget er hesterelatert. Nye/fleire feriebilder kjem seinare.

I førre veke gjekk NM&Nordisk for Fjordhest av stabelen på Starum. Det blei til at eg fylgde med berre via internett og sms i år, og det vert ikkje heilt det same som å vere der å heie. Heldigvis har Liv Jorunn delt både video og bilder på bloggen sin, og ho sendte meg bilde og sms undervegs. Eg har lånt litt frå bloggen hennar her.

image

Liv Jorunn og Pokemann kan tittelere seg som både norsk og nordisk mester i dressurriding, i tillegg til to flotte sølvmedaljer i Nordisk Allround og NM Lag. Volda rideklubb tok nemlig sølvmedalje i lag, berre eit poeng bak vinnarlaget. Isabell og Brautar, som for anledninga i år reid for Volda (tidlegare Ørsta), tok bronse i nordisk allround, og ikkje minst tok dei gull i NM Senior!

Liv Jorunn og Pokemann i sjølvkomponert kür med musikk til.

image

Laget til Volda rideklubb som tok sølv. Anna og Faun Prins, Liv Jorunn og Pokemann og NM-vinnar i seniorklassa Isabell og Brautar.

Gratulerer til alle saman med nauta flotte resultat!

Fullstendige resultatlister og anna småplukk om stemnet er å finne på www.fjordhest.no/nm2011.

Bloggen til Liv Jorunn finn du HER (link).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar