fredag, oktober 31, 2008

Det snør, det snør, tiddelibom!

 

28-30.10.2008
Tysdag våkna eg til melding på mobilen: "Det er snø ute!" Kvelden før hadde regnet nok ein gong plaska ned, så eg trudde ikkje at det kunne vere snakk om meir enn eit tynt snølag, men eg måtte gni meg ein ekstra gong i augene då eg trakk frå gardinene... Men det kjekke med snø, er at då regnar det iallfall ikkje!

Heldigvis har både hest og bil fått på nytt fottøy for vinteren, så eg var klar til snøen. Det gikk fint å komme seg i stallen for å sleppe ut hestane, og det var litt deilig at det no faktisk gikk an å sjå seg rundt så tidleg på morgonen. Det blir mykje lysare med ein gong vi har litt snø Smile

Vel framme i stallen slapp eg ut hestane, og eg trur både Lea og Sugar syns det var kjekt med litt forandring i vintergjerde. Der har vore litt gjørmete dei siste dagane, så eg var iallfall veldig glad for vi slepp det ei stund. 

Eg returnerte heim, fikk meg ein kjapp dusj, leverte bilen til taksering (jf trampoline-bloggen), og leita meg sjølv opp på hurtigbåtkaia. Resten av tysdagen gikk med til jobbkonferanse i Ålesund til seine kvelden. Eg kom heim kl 23.00. Heldigvis har eg kjekke folk rundt meg, så Maria stilte opp for å stelle Lea denne kvelden.

Onsdag var eg oppe grytidleg igjen for å sleppe ut hestane før eg reiste til Ålesund. Må innrømme eg hadde litt problem å konsentrere meg ei stund på konferansa, men kva gjer vi ikkje for våre firbeinte vennar...? Men sidan det var konferanse også i dag + litt sjukdom, blei det fri på Lea. Snilde mamma ordna litt av stallarbeidet for meg.

Sidan det ikkje blei tur på oss verken tysdag eller onsdag, måtte det bli på torsdag. Må jo kose oss når det endlig er opplett!

Tok inn hestane i 6-tida, og sala opp Lea. Var egentlig tenkt å gå ein litt lenger tur, men eg glømte noko på øyrene, så vi stoppa på bana. Kjekt med lys!! Bana var dessverre litt hard og humpete, spesielt på midten, så det var litt lett å snuble, og det vil vi ikkje ha noko av.

Jobba Lea varm og god, og hadde nokre diskusjonar på kor det var best å gå, før vi ga oss etter ein god timeSmile Mamma var med som lysassistent (slå på og av brytaren)Wink

Bilda er frå Lea's første dag på Hjørungavåg. Det går mot helg no, så kanskje kan vi få tatt litt nye bilder dåLaughing

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar