søndag, november 02, 2008

Mamma og Sindre prøver Lea!

 

31.10-02.11.08

Så har helga sust forbi, og Lea har vore både på tur og vore støttekontakt. Både eg, Maria, mamma og min kjære har vore på hesteryggen i løpet av helga:o)

Iiiiis!

Fredag tenkte eg at det var på tide med ein litt lenger tur på meg og Lea, men då måtte vi gi tapt for føre. Det kom nemleg regn, før det blei minusgrader igjen, og dermed låg det ei tynn-tynn ishinne på veiane, slik at det ikkje gikk an å fote seg, verken for to- eller firbeinte. Og ridebana var fortsatt frossen, så det var ikkje eit alternativ.

Når eg returnerte heim frå stallen, var eg veldig glad for at eg ikkje hadde ridd på tur. Det var så glatt og skummelt å kjøre, at eg tørte nesten ikkje trykke på gassen. Eg sklei berre eg tenkte på å bremse...

Ein tur hit og dit

Laurdag blei hestepassar Maria med i stallen, og vi var egentlig tenkt oss på bana saman med mamma og Sugar, men mamma var ikkje heilt i form, så det vart berre meg, Lea og Maria. Vi gikk først ned til Leira, og Lea fikk litt store auge og hurtig tempo når vi passerte nabostallen. Ho er nok litt nysgjerrig på om der er nokon kjekke hestevennar...

På heimveien stoppa vi på ridebana, og no var den heldigvis tint, og veldig fin.

Lea vinglar litt når vi går, så vi jobba ein del med konsentrasjonen, både min og Lea. Merkar at ho trives bedre på høgre hand, så prøver å mjuke ho begge veiar. Porten på ridebana er synonymt med stoppesignal for Lea, også noko som jobbast iherdig med å endre. Det har nok like mykje med rytter å gjere som hest (i kombinasjon at ho testar ut grensene mine på ein snill måte...).

Etter ei god økt fikk Maria ta over tøylane, og Lea og Maria fungerer veldig fint i lag, det er veldig kjekt:o)

Når vi var på vei heim kom dei første regndråpane på nasetippen, og ikkje lenge etter vi var komt i stall, plaska det friskt ute... Heldig timing!

Sindre testar nye kunstar...

Søndag avtalte eg med mamma å ta med begge hestane på bana, men før vi kom oss ut, bles det opp til ei sur regnbyge. Sugar er ganske pinglete av seg, og stressar seg opp av uver, noko som gjer mamma litt småskeptisk, så Sugar blei med utan sal, men med varmt og godt dekken i staden, og Lea fungerte som nedstressande støttekontakt.

Når vi kom på bana fikk mamma overta Lea medan eg og Sugar trimma litt saman på bakken rundt og rundt. Det er lenge sidan mamma har vore på hesteryggen no, pga skade, og Lea var nok litt annleis i størrelsen enn Sugar, så det første mamma kommenterte var vel breidda Wink Eg fikk ikkje sett på dei så mykje, sidan eg hadde Sugar, men eg trur mamma syns det var kjekt å prøve seg på ein veldig "laidback"-hest sidan det er så lenge sidan sist!

Etter ei stund fekk vi besøk på bana. Då dukka nemleg min kjære samboar opp, og lurte på om han kunne få ri Sugar... Ho var utan sal, og det var vel mest på tull, men han leidde nokre runder med ho. Då mamma sa seg nøgd med Lea, fann eg ut at Sindre heller kunne få prøve seg. Ikkje det heilt ideelle fottøyet, men elles gikk det veldig fint! Eg gikk sjølvsagt ved sida av heile tida, men han forstod raskt poenget, og prøvde både gass og brems, men kun i skritt. Utan egna fottøy er ikkje noko anna aktuelt ;o) Sindre har vore på hesteryggen ein gong før, som 6-7 åring, på type "turistriding-runde". Men eg trur han syns det var kjekt i dag, og forhåpentligvis blir han med fleire gongar.

Gler meg også til vi får vogn, sjølv om Sindre meiner det ikkje vert det same. Vi får sjå - kanskje endrar det seg...Tongue out

Alle foto: Sindre M. Riisøen.

Sugar (og eg) på dei to første, mamma og Lea på dei to siste.

Dessverre er dette einaste bilda av Lea frå helga... Kamera blei lagt vekk til fordel for hesteryggen (og for å skjerme det for regndråpane...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar