søndag, august 30, 2009

Øs-pøs-regnver! Og Lea trava:)

Hestane 121 (2) I dag høljar det ned, utan stopp. Hestane fikk kome ut kl 07.30, og det har ikkje vore pause i regnet sidan. Derfor tok vi dei inn kl 14.30. Då stod begge to med rompa mot veret nede i hjørne lengst frå opninga. Dei hadde sjølvsagt dekken på, men likevel ingen fornøyelse å vere ute i slikt ver, syns nokon av dei.

Ganske lite villige til å kome når vi ropte, for då måtte dei gå mot veret, men etter nokre minutt med tenking, snudde begge to, gikk side om side eit stykke, før dei satt avgårde i friskt trav. Sugar ga seg raskt, men Lea jogga oppover.

Ho har ikkje fått metacam sidan onsdag for 1,5 veke sida no, dvs ingen smertestillande i kroppen lenger, og eg ser ikkje teikn til haltheit. Trur ikkje eg ser så mykje stivheit heller.

I morgon kjem Janita på besøk. Det gler vi oss til :o) Når det blir litt snildare haustver, skal eg ta med meg Lea ein tur ned å sjå på den nye ridehallen vår tenker eg. Så håper vi at vi går ein flott haust i møte, med FRISKE HESTAR!

Fortsatt god søndag i regnet!

1 kommentar:

  1. Lite vits å vere ute heile dagen i dag for hestane ;) Tenkte faktisk på det i dag når ej gikk trilletur :)

    Gler oss til å komme på besøk - håpa på finare ver!! :D

    Ååe, du og dinna hallen din;) Hehe! Kjekt å ha når det e sant ver i alle fall!

    SvarSlett