Viser innlegg med etiketten LEA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten LEA. Vis alle innlegg

søndag, januar 16, 2011

Lea Rolita til minne♥

Lea Rolita måtte vandre over til dei eviggrøne markar måndag 10. januar.

Nyttår 206

Sjølv om det er over eit halvår sidan Lea reiste tilbake til Volda, er ho stadig i tankane mine, og kanskje spesielt sidan ho var så sjuk som ho var medan eg hadde ho, og ho overlevde...

Lea 046

Lea reiste tilbake til eigar Janita i mai 2010, og blei så solgt vidare i september.

Lea har virkleg fått sin del av plager dei siste åra. Først den flåttbårne sjukdomen anaplasma (då eg hadde ho), deretter forfangne bakhovar som resultat av medisinering, og når alt såg fint ut, knekte ho ut store bitar av framhøvene, og no har ho hatt kolikk, to gongar i løpet av den siste månaden.Stallen 034-kopi

No har ho heilt sikkert funne att Rola, mammaen sin, som ho bodde saman med nesten heile livet, og storkosar seg med eviggrønt gras i ekte Lea-ånd, utan smerter, der ho får vere sin eigen sjef.

Desember 067

Takk for alle minna. Og takk til Janita, for at eg fekk bli kjent med Lea.

image

Kvil i fred, vakre venn!

lørdag, november 28, 2009

Janita og Abel på besøk

annika

I går, fredag, var Janita og Abel på besøk med meg og Lea. Janita ville gjerne ri, og Abel fikk også prøve å sitte på Lea medan Janita holdt. Sjåå den blide guten…

annika2

Då Janita skulle sale opp, fann vi ut at salgjorda var nok blitt i kortaste laget. Den har krympa medan den hang på låven ;)

annika5

Lea har ikkje hatt sal på ryggen sidan før ho blei sjuk, og det blei altså ingen sal på i går heller. Janita reid barbakk.

annika6

Den nye ridehallen blei testa ut, og eg fekk foreviga det, heldigvis hadde Janita huska kamera!

annika7

I det Janita og Lea kom inn i hallen endra Lea seg til å bli ei lita bombe, så vi fann ut at ho måtte få springe litt av seg. På grunn av dårlege/sjuke bakhovar skal ho for tida kun skrittast på tur, men på mjukt underlag var det greit med litt traving, og det var berre det i hallen, i tillegg til dette hoppet, som kom heilt på eige initiativ frå Lea…

annika8

Trave fint!

annika9

Så hoppa Janita opp igjen, og Lea oppførte seg heilt flott:) Ikkje hadde ho gløymt gamle kunster heller!

annika10

Det er fantastisk å ha hall no, og endå til ein hall det går an å fotografere i, utan at bilda berre blir støvbilder. Dei som har stått i bresjen for dette, fortenar MYKJE ros!

Tusen takk for besøket, Janita og Abel! Alltid like kjekt:o)

søndag, august 30, 2009

Øs-pøs-regnver! Og Lea trava:)

Hestane 121 (2) I dag høljar det ned, utan stopp. Hestane fikk kome ut kl 07.30, og det har ikkje vore pause i regnet sidan. Derfor tok vi dei inn kl 14.30. Då stod begge to med rompa mot veret nede i hjørne lengst frå opninga. Dei hadde sjølvsagt dekken på, men likevel ingen fornøyelse å vere ute i slikt ver, syns nokon av dei.

Ganske lite villige til å kome når vi ropte, for då måtte dei gå mot veret, men etter nokre minutt med tenking, snudde begge to, gikk side om side eit stykke, før dei satt avgårde i friskt trav. Sugar ga seg raskt, men Lea jogga oppover.

Ho har ikkje fått metacam sidan onsdag for 1,5 veke sida no, dvs ingen smertestillande i kroppen lenger, og eg ser ikkje teikn til haltheit. Trur ikkje eg ser så mykje stivheit heller.

I morgon kjem Janita på besøk. Det gler vi oss til :o) Når det blir litt snildare haustver, skal eg ta med meg Lea ein tur ned å sjå på den nye ridehallen vår tenker eg. Så håper vi at vi går ein flott haust i møte, med FRISKE HESTAR!

Fortsatt god søndag i regnet!

torsdag, august 06, 2009

Flått er ikkje akkurat flott…

Stallen 034-kopi Blodprøvesvara er her! Vi har endleg fått ei stadfesting på kva som plagar Lea! Ho er fortsatt bedre, men treng nok tid på seg til å bli heilt frisk. Heldigvis ser det ut til å gå rette veien.

Å analysere blod tek tid, men no har vi fått svar på blodprøver både for borreliose og anaplasma/erlichia.

image Borreliose-svara kom først, for ei lita veke sidan, men desse var negative. Veterinær ba derfor om testing for anaplasma, som etter som eg les no, er det nye namnet for erlichia.

Desse svara kom i går, og prøvene var positive! Lea har altså anaplasma/erlichia, eller rettare sagt, ho har hatt, men er på bedringens vei no. Veterinæren tok nye prøver i går, for å samanlikne, å sjå om infeksjonen no er ute av kroppen.

DSC00223 Før eg publiserte bloggen om Lea si sjukdomshistorie, hadde eg aldri høyrt om erlichia. Veterinæren visste nok om den sjukdommen, og ville nok bedt om prøva uavhengig av om eg ba om det, men eg er likevel veldig glad for at eg fekk høyre om denne sjukdommen før prøvesvara kom. Då visste vi at det var ikkje berre var borreliose som kunne feile Lea, men også ein annan flåttbåren sjukdom, med ganske like symptom. Det gav oss eit ekstra håp, sagt på ein kanskje noko klønete måte.

Heldigvis er det same behandling som er anbefalt både for borrelia og erlichia, så Lea har alt fått antibiotika (tetracyklin intrevenøst) mot dette, og allereie etter første dag såg vi bedring.

Ho treng ikkje lenger smertestillande kvar dag for å fungere, og dei fleste sjukdomssymptoma er vekke no. Ein etter ein forsvant symptoma, og no er det kun stivheita som sit att. Ho er stiv om morgonen, kjem seg utover dagen, men er fortsatt noko stiv.

Vi må ta tida til hjelp, og fortsette åDSC00065 håpe på det beste. Vi har også vedtatt at noko tilbakefall her i gården er forbudt… Hadde berre det hjelpt!…

Engasjementet til alle vennar, bloggbekjente med fleire i denne sjukdomsrunda har vore enorm, og både til støtte og god hjelp for å finne ut av, og ikkje gi opp. Tusen takk til alle!

Må samtidig berre nytte høve til å gi ei spesiell takk til mamma, som har stilt opp heile veien, Maria, som har forska, lest og leita, spurt og forklart, Ragnhild, som putta bloggen min på framsida, slik at eg fekk mykje gode tips, og varme tankar, og såklart veterinærane, som har gjort så godt dei kan heile veien, og starta antibiotikabehandling før prøvesvara kom.

I kveld anbefalar eg alle til å ta ei ekstra runde, både på to- og firbeinte for å sjekke etter flått på sine. Gjer det dagleg!! Unner ingen denne sjukdomsrunda.

Det siste bildet her, er tatt dagen før “alt starta”. Eg gler meg til vi får gå på tur igjen!

Bildet av flåtten er lånt her.

onsdag, juli 22, 2009

Lea ER bedre!

image Det er berre så utruleg kjekt - det ser ut som det fortsatt går rette vegen med Lea. I går var det ingen antyding til haltheit for heile dagen.

Eg har sett små teikn dag for dag, men fortsatt har eg litt problem med å tru på at det er sant... Men i går var ikkje det tvil, ho var i så fin form, at ho var nærast travel på boksa ;)

Eg fekk sms med mamma i går tidleg, då ho slepte ut hestane, om at ho ikkje såg Lea halta, men vanskleg å sjå heilt sidan ho leia ho sjølv, og ho hadde dekken.

Når vi tok inn på kvelden, hadde Lea eit heilt anna tempo enn tidlegare dagar, søkte ikkje mot marka, og ingen tegn på halt her eller der.

Ho er fortsatt stiv i bakparten, og har nok naturligvis ein long vei å gå før ho er bra igjen, men det går fortsatt rette veien altså!

Blodprøvesvara har ikkje komt endå. Tek nok litt tid å analysere dei.

Må også få takke så mykje for all omtanke, gode ord osv eg har fått dei siste vekene! Det varmar :o)

lørdag, juli 18, 2009

Er Lea bedre?

image Lea har fått antibiotika i tre dagar no, og eg er ganske sikker - ho er BEDRE!

Eg torer ikkje tru så mykje endå, men nokon teikn er ikkje til å unngå å sjå. I går tok ho lengre skritt inn frå beite. I dag har ho vandra mykje meir på beite enn elles dei siste dagane, avlastar ikkje så mykje eine bakfoten som ho har gjort dei siste to vekene, og i kveld klødde ho knapt når ho kom inn frå beite.

I kveld har ho ikkje fått metacam (smertestillande), så er spent på morgondagen...

Vi kryssar alt vi kan no, for at det fortsett slik. Samtidig tør eg ikkje heilt tru på det endå... Men jau, eg ser eit håp :o)

Nok ein gong, tusen takk for alle som viser at de bryr dokke no. Det varmar utruleg!

PS til Mamma: Håper det var greit eg brukte dette koslige bilde av Lea og deg:o)

fredag, juli 17, 2009

Tusen takk for all respons! + ei lita oppdatering

image Først må eg berre få takke alle for engasjement, kommentarar, gode ord osv. Eg har dessverre ikkje fått svart alle, men set stor pris på alle kommentarane. Det varmar verkleg:)

Eg trur også at eg har skaffa hest.no nokre nye lesarar ettersom eg veit fleire kollegaer og vennar har vore innom her...

Det har vore ein lang dag i dag, så eg må berre kort oppdatere, og heller komme tilbake med meir i morgon.

Blodprøvene for diverse visste ingenting, borreliaprøva har vi ikkje fått svar på endå.

Lea har starta med antibiotikabehandling, og fått to doser no. Ho skal ha to til, så får vi ta det derifrå.  Antibiotikaen får ho intravenøst, og skal ta knekken på ein eventuell borreliose-bakterie.

tirsdag, juli 14, 2009

Oppdatering - blodprøver

I går var veterinær Henriette på plass igjen, og undersøkte Lea grundig, snakka med veterinær Camilla Stava for å høyre kva ho fann og trudde, og tok blodprøver for diverse, mellom anna borreliose.

Blodprøvene er sendt til Veterinærinstituttet for analysering i dag. Kjem svar på dei “vanlege” blodprøvene utpå dagen i morgon.

Borreliose-prøvene blir sendt vidare til utlandet truleg, så svaret på desse vil ta litt meir tid.

Sidan borreliose er einaste knaggen vi har å henge dette på, startar vi truleg med antibiotikabehandling i morgon, etter svar på første prøver har komt.

To be continued…

STAKKARS LEA-VENNEN….

mandag, juli 13, 2009

Har vondt av Lea…

Intet nytt å meddele frå helga. Så lenge Lea får metacam, har ho det etter forholda bra, men eg får berre så vondt av å vite at ho ikkje har det godt, og så frustrert over å ikkje få eit svar snart. Ikkje kan ho stå ubegrensa på metacam heller…

I dag skal veterinær Henriette komme. Blodprøve og “heil-sjekk”. Så får eg berre håpe at blodprøvene kan gi svar på kva som er galt, og at det kan behandlast.

Skal ta blodprøve for borrelia, men også andre ting, sidan “borrelia er så sjeldant”…

fredag, juli 10, 2009

Lea har blitt verre igjen…

Eg var ved godt mot, og trudde alt skreiv seg frå bekkenet, og at det var på god vei til bedring… Men i går var Lea tydleg verre, no er ho halt/dårlig i høgre framfot…

Fortvilelsen greip meg igjen no. Kva er det som feilar stakkars Lea…?

Sidan ho hadde tydlege smerter, snakka eg med veterinær Henriette igjen. Eg fekk finadyne (smertestillande) til ho, så eg fikk gitt i går kveld og eventuelt i kveld.

Har snakka med veterinær Osnes i dag. Eg ville dei no skal ta blodprøve for å teste mellom anna borreliose. Sidan det er helg, ville Osnes vente til måndag, så då vert det gjort.

Fann ein artikkel på Veterinærinstituttet sine sider, om borreliose. Interessant lesning. Eg held nok igjen ein knapp på at det verkar som det er det Lea har. Vi skal iallfall få sendt blodprøver til analyse, så får vi ta det derifrå. Om ikkje det er det som feilar, veit snart ikkje eg…

Skal også snakke med veterinær Camilla Stava igjen, for å høyre om det kan skrive seg frå noko ho fann. Har berre ikkje hatt anledning til å ringe endå.

Har fått metacam igjen til ho, så ho får stå på over helga, iallfall, om det er behov.

To be continued…

onsdag, juli 01, 2009

Sit det i ryggen?

Eg ringte som avtalt veterinærkontoret i dag, og då venta veterinær Osnes på telefon frå veterinærkontoret på Nordfjordeid, som han ville diskutere “saka” med.

Etter å ha prata med Nordfjordeid, ringte han meg opp att. I likheit med Osnes, hadde heller ikkje veterinærane på Eid vore borti borrelia på hest, og hadde lite tru på det kunne vere det.

Derimot kunne det verke som det sit i ryggen – og den tanken slo også meg i går. Då var det egentlig berre ro og tida som trengtes for å bli bra igjen, eventuelt å finne tak i ein hestekiropraktor om noko slikt fanst her omkring.

Heldigvis veit eg om Camilla Stava i Ørsta, som er utdanna veterinær og hestekiropraktor. Ho kjem utover i morgon, så får vi høyre kva ho seier. Håper ho finn noko som kan vere grunnen, og kan løysast!

Lea verka litt bedre i dag, heldigvis, men er fortsatt stiv, så kanskje er det ei låsning eller ei utgliding ein plass…

To be continued…..

tirsdag, juni 30, 2009

Tysdag og veterinærbesøk

Som avtalt ringte eg Osnes i dag tidleg, og han skulle komme i stallen i 11-tida. Som kjent er det ikkje alltid veterinærane klarer å holde klokka, så han kom kl 14.30.

Det første han sa, før han hadde sett hesten, var at det hørtes mest ut som ho var forfangen. Men når han hadde sett på hesten ei stund, kom orda “Nei, forfangen er ho iallfall ikkje.” Og det var iallfall godt å få høyre.

Han hadde ingen tru på borrelia-smitte, men sidan eigar (Janita) ønskte det, skulle han sjekke opp litt om det, og kome tilbake i morgon for å ta det. Måtte vite type blodprøve og kor den skulle sendast først.

I dag var Lea meir stiv i bakparten enn halt. I staden for å snu seg i boksa, rygga ho for å flytte seg. Det såg nesten ut som krysslammelse, utan at det var teikn på det.

Veterinær Osnes vil ringe til nokon å få diskutere saka, så skal eg ta kontakt igjen i morgon. Litt mange telefonar for tida ja…

mandag, juni 29, 2009

Oppdatering måndag – verre?

Ringte veterinær Osnes i dag tidleg. Det var normalt at ho avlasta motsatt bakfot, viss ho hadde overbelasta den no. han var litt rådvill, men vi blei enige om at eg skulle snakke med Otterstad, hovslagar på Nordfjordeid, om evt hovbyll, for så å ringe opp igjen til Osnes seinare.

Snakka med Otterstad litt seinare. Han kunne gjerne komme ein tur å sjå på ho, lokalisere evt hovbyll, men sjølvsagt er han på ferie til neste veke… Han kjem om det er ønskeleg.

I dag var det ikkje tvil, Lea avlasta like mykje venstre som høgre bakfot. Ææææ! Eg vart heilt fortvila, trudde igjen at det kunne vere forfangenheit eller fælt, og visste ikkje kva eg skulle gjere.

Ho vegra seg for å gå frå beite og inn i stallen igjen.

Ringte vet. Osnes, som syns alt hørtes ut som forfangenheit no, han var omtrent sikker i si sak verka det som, og då var ikkje det mykje håp meinte han. Avtalte å ringe han i morgon tidleg, for å avtale stallbesøk same dag.

Snakka med Janita, som hadde fått tips av Nina (mora), kanskje det kunne vere borrelia-smitte. Snakka med fleire, som meinte at det var ikkje umuleg. Lea har alltid hatt mykje flått på seg. Blei enig med Janita om å be om blodprøve når veterinæren kjem i morgon.

Var i stallen igjen eit par timar etter Lea hadde fått smertestillande, og ho var tydleg låk no også. Var ikkje så mykje å gjere, anna enn å vente på veterinær igjen i morgon.

søndag, juni 28, 2009

Oppdatering fredag til søndag

Fredag 26. juni
Nabo til stallen hadde observert hoggorm nær beite dagen før, så eg ringte veterinær for å høyre om det kunne vere hoggormbitt, men det hadde han ingen tru på.

Tok inn hestane i 5-tida på fredag, Lea fikk Metacam og eg reiste til Skei for helga. Mamma passa Lea.

Laurdag 27. juni
Hestane gikk ute, medisinen såg ut til å virke, verken verre eller bedre.

Søndag 28. juni
Då eg kom heim søndag, såg eg at Lea avlasta litt venstre bakfot. Hmmm… Håpte eg innbilte meg det. Ga ho Metacam når ho kom inn, og ting såg greit ut.

fredag, juni 26, 2009

Uteboks for Lea

I dag har ho fått seg uteboks. Vi har sett opp nytt gjerde til begge to, og Lea har fått eit lite hjørne (frimerke) av det gjerde, slik at ho ikkje får plass til å verken gå mykje eller å springe, om ho skulle bli frista til det.

Begge hestane var veldig glade for å kome ut i 10-tida i dag, og roa seg med ein gong, sjølv om dei syns det var litt rart å vere adskilt.

No skal dei få gå ute til Lea skal ha dosa si med medisin iallfall. Då kan hende dei har fått nok av både fluger og sol.

Skal snakke med veterinær igjen måndag, så får vi sjå kva vi finn ut.

torsdag, juni 25, 2009

Oppdatering torsdag

Ringte veterinær Osnes, og fekk resept på Metacam. Kom på apoteket å skulle hente det (etter tredje forsøk), fikk eg berre til svar at eg skulle få det på laurdag. Litt mindre stressa Annika då, men heldigvis hadde Osnes to flasker på kontoret.

Allereie etter eit par timar var det heilt tydleg at ho merka det hjalp. Ho fekk kome ut å beite litt på kvelden, men sidan både mygg og fluger var ganske travle, vart det berre ein liten halv time. Skal sette opp eit lite gjerde til ho ute i morgon.

onsdag, juni 24, 2009

Lea er halt…

Måndag hadde eg, Lea og mamma oss ein fin kveldstur framover. Tysdag merka eg at Lea var litt rar i boksa, men trudde eg berre såg feil, at det var fordi ho var ekstra mett, men onsdag fekk eg dessverre stadfesta mistanken – Lea er halt, i høgre bakfot.

Mamma tok ut hestane om morgonen, og syns Lea gikk litt rart. Når ho tok inn på kvelden, kom Lea gallopperande i møte. Registrerte at ho sikkert var halt når ho gikk opp igjen i stallen, men ikkje i kva fot. Når eg kom inn 20 minutt etterpå, var ho heilt tydleg halt i høgre bak. Ville knapt trakke ned på foten. Det første som slo meg var forfangenheit, og utifrå kor låk Lea var, valde eg å kontakte dyrlege.

Veterinær Henriette var på besøk onsdag kveld, det samme var hovslagaren, sidan Henriette mistenkte hovbyll. Ho trudde ikkje det var forfangenheit, som eg først tenkte.

Ingen teikn til verken hevelse, varme hovar, auka puls, vonde ledd eller noko. Ikkje feber, og fin allmenntilstand.

Ingenting å sjå i hoven heller, men har ikkje skjært nedi den endå. Vil vente litt, prøve la ein eventuell hovbyll komme ned av seg sjølv, iallfall litt først. La på grønsåpeomslag på hoven over natta. Må snakke med veterinær igjen i dag, torsdag.