onsdag, september 16, 2009

Ei lita oppdatering

Sommaren er over, ein sommar eg/vi garantert kjem til å hugse godt. Heldigvis enda den mykje bedre enn eg/vi frykta ei stund. Og eg kan no melde om ein tilnærma friskmeldt hest.

Eg har sett Lea kvar dag no i heile sommar, så eg klarer ikkje så lett sjå bedring i stivheita hennar, eller om der er stivheit lenger, men grunnen til eg kan seie at ho er tilnærma frisk, er energien, og krafta ho no har.

Det er på tide at ho får utløp for energien igjen, for no “durar” ho på når vi leier ho til og frå beite, og ho er sterk ;o) Vil ho ha grønt gras, må du skjøne at eg må berre høyre på ho… (slett så gale er ikkje det altså, men ho prøver seg).

Eg tør nok ikkje sette meg opp for å ri ho endå, vil helst ha ein sjekk i rygg før den tid, men det er kanskje på tide at ho får seg ein springetur på bana trur eg. På eiga hand.

Under: Lea og Janita rett før Lea blei sjuk, juni 2009.

Vår09 505

1 kommentar:

  1. Ho he sikkert lyst og godt av å springe litt på bana ja :) Sei fra om du vil eg skal vere med ;) Uansett ønsker eg gjerne bilder når det skjer (Ser for meg at dette vil bli underholdning;)!

    Kjekt det går framover i alle fall! Hadde kanskje vore greit å hatt en kiropraktorsjekk for sikkerhets skuld ja. Veit ho var her forge veke å sjekka Charlot. Så ho er av og til her oppe.. :)

    SvarSlett