mandag, november 02, 2009

Tusen takk! – og friskmeldt Lea!

No er sommaren begynt å kome litt på avstand, og eg tenker litt tilbake på Lea si sjukeperiode. Laurdag hadde vi besøk av hestekiropraktor og veterinær, og Lea er no fin i kroppen!

Eit kort tilbakeblikk

image For fire månadar sidan blei Lea halt. Utan synleg grunn var ho omtrent stokk halt på høgre bakfot. Ho blei sjekka opp og ned i mente av veterinær, utan å finne noko. Kunne det vere hovbyll? Nei, det blei ganske raskt avkrefta. (klikk på linken for heile historia).

Ikkje mange dagane etter var ho halt i motsett bakfot, før det flytta seg til krysset. Tilbake til høgre bakfot, samtidig som krysset, og litt her og der. Sat det i ryggen? Jau, det kunne det vere, men kanskje ikkje hovudgrunnen.

Lea på tur dagen før ho blei sjuk, juni 09 Etter kvart var ho halt også i frambeina, ho klødde over heile kroppen, og hadde problem med å bevege seg. Ryggen var pinnestiv, hoftene sklei ikkje skikkleg rundt, dei mangla ”smørning”, og Lea var tydleg plaga av både det eine og det andre, men kva?

Mange kjenner historia frå før, og eg fekk enorm respons på bloggen min, då den hamna på framsida av hest.no (tusen takk til Ragnhild!). Utruleg mange gode tips om kva det kunne vere, gode tips til behandlingar, gode tankar og helsingar. Alt varma, og mykje hjalp også i researchen vår på å finne ut av kva som feila Lea.

Anaplasma og antibiotika-behandling

Eg, Janita og fleire med oss mistenkte at det kunne vere flåttbitt, og at Lea var sjuk pga det. Når Lea var på det verste, fekk ho behandling etter symptom, mot flåttbit, anten borrelia eller anaplasma (same behandling på begge).

Godt selskap i Sugar

Og vi merka bedring allereie etter ein dag med behandling. Etter nokre veker kom blodprøvesvara frå analyse. Lea hadde vore sjuk av anaplasma, ein flåttbåren sjukdom. Ikkje borrelia som vi mistenkte først (før vi viste om anaplasma), men likevel var vi på rett spor. Og dag for dag såg vi bedring, etter den sterke antibiotika-kuren.

Sjekk av veterinær/hestekiropraktor laurdag

No er vi for lengst ferdig med både antibiotika, mykje smertestillande, forebyggande medisin og anna. Laurdag hadde vi besøk av hestekiropraktor og veterinær Camilla Stava igjen, som gikk over heile Lea, og det var veldig godt å få det stadfesta av fagfolk også, at Lea er ein heilt annan hest no, enn då Camilla sist såg Lea, for 3,5 mnd sidan. No var ryggen fin, det same var hoftene og krysset, og den vesle stivheita som sit no, kjem nok av ei lengre friperiode.

Lea og Sugar i sitt nye vintergjerde laurdag

God hjelp, gode tankar og helsingar

Mamma og Lea, april 09 Oppi heile situasjonen var eg også utruleg heldig… Eg stod ikkje aleine med frustrasjonen, heller ikkje aleine med behandling, og både eg, Lea og Janita fekk mange gode tankar og helsingar medan Lea var sjuk. Så her kjem eit lite takk til alle, også hest.no sine bloggarar/lesarar! Eg setutruleg stor pris på all hjelp vi har fått!

Mamma var sjølvsagt heilt uunnværleg medan Lea var sjuk. Ho hjalp meg med alt, og det blei ein tøff sommar for ho også. Det var ikkje berre ein gong vi trudde at no var det ikkje meir håp…

Mitt kjære søskenbarn Maria, som studerer til veterinær var også til utruleg støtte og hjelp, ho las, undersøkte, las meir, spurte studentvennar, og las meir. Om ikkje anna, trur eg iallfall denne sjukdomsperioda til Lea ga Maria litt erfaring til seinare (viktig å sjå litt positivt i det heile). Eg veit ho syns det ”berre var kjekt” å lese seg opp på emnet, men eg set likevel stor pris på det.

Janita og Abel på besøk med pasienten Det er ikkje berre kjekt å ha ansvar for ein alvorleg sjuk hest, når det ikkje er din eigen. Det er ikkje kjekt uansett såklart, men på ein litt annan måte når det er ein forhest. Janita (Lea sin eigar) har heldigvis visst oss veldig godt at ho stoler på at vi har gjort det rette for Lea. Og behandling og oppfølging av Lea har vore i tett dialog med Janita. Det var veldig godt å vite at Janita ikkje mistrudde meg på noko vis, eller overkjørte oss.

Familie, vennar, kollegaer, naboar, kjente og ukjente har fylgt med på bloggen, spurt korleis det går med Lea, og sendt oss gode tankar.

Ei periode fekk eg veldig mykje respons, spesielt på bloggen, og eg rakk nok ikkje å svare alle, men dei fleste håper eg. Men eg las iallfall alle helsingar, og det gjorde nok mamma og Janita også, og satte stor pris på dei.

Lea på bana, september 09

Friskmeldt hest!

Og no er ho altså frisk. Vi friskmelde ho vel egentlig allereie i slutten av september, men sidan vi no hadde besøk av hestekiropraktor laurdag, syns eg det passa bra å kunne friskmelde ho 100 % no. Og samtidig takke til alle som har hjelpt oss og tenkt på oss i sommar!!

Tusen takk!

Stor klem frå Annika og Lea!

1 kommentar:

  1. Kjempe fin blogg, vart nesten litt rørt!!:)
    Eg stolar 100% på at dokke gjer det beste for Lea, veit ho er i dei beste hender! :) Takk igjen for det gode stellet ho får :D

    SvarSlett