I år er det verkleg sein beitestart. Vanlegvis har Sugar alltid fått smakt grønt gras når ho fyller år, det vil sei 18. april. I år måtte vi utsette det nesten ein månad.
Hestane fekk starte med tilvenning forrige onsdag, det vil seie onsdag 12. mai. Mamma har sett opp eit lite gjerde som dei får spise i nokre minutt før dei skal inn til kvelden. Det er ikkje mange millimetera med gras som er der endå, så det er ingen fare om overspising på nokon av dei.
Sugar derimot, er nesten like opptatt av at der er mold som ho kan gni seg inn med ;)
Om alt går etter planen, ser det forresten ut som Lea reiser til Volda førstkomande laurdag, og då skal ho oppstallast i Hoggabakkane, nærmare bestemt hos Liv Jorunn, Pokemann og Thoke. Så får vi håpe at Thoke og Lea vert gode vennar!
Veldig seint i år ja :( Såg på bilde ej fekk i går at marka i Hjørungavågen e grønare enn her... ;) Håpe sola og varmen gjer at det skyte fart no! Utafor huse her hekje bjørka "sprunge" enda en gang. Sært :p
SvarSlett