I kveld var det siste kveld Lea er på Hjørungavåg. Ho reiser til Volda igjen i morgon ettermiddag. Det vert rart, men det er rett.
Janita har fått stallplass til Lea i Hoggabakkane og beiteplass er i boks. Og eg trur ho er veldig klar for å kose seg saman med godhesten i sommar. Håper det ordnar seg for hausten også!
Eg nytta høve til å knipse nokre bilder av både Lea og Sugar når dei fekk beite i kveld. Vi har utvida beitetida deira sakte for kvar dag, så dei ikkje får grassjokk i magane. I dag beita dei ein time.
Fine bilder <3
SvarSlett