søndag, mai 03, 2009

Regn, regn, regn, og ein frisk tur

Ingen bilder frå i dag, for kamera hadde drukna då…

DS00009 Det har vore fine dagar, spesielt den siste veka, men i går og i dag fekk vi ein påminnar på kva regn er!

Vi plukka opp hestane i halv-åtte tida i dag, så fekk dei beite ein halvtimes tid i leietau. Graset veks seint, men regnet hjelp vel litt på no, får vi tru!

Tok inn begge hestane når eg var passe gjennomvåt (tette regnkle???), tørka over dei (vatn som renn på halsen er EEEEKKELT! – helsing Sugar) og tok på Lea haudelag, så spaserte vi oss ein frisk tur fram til krysset innover til Hjørdalen/Alme.

Lea lurte veldig på kva som hadde skjedd med meg, ikkje noko slingringsmonn i det heile;) Bestemt forbi både den eine og den andre hesten, men Lea var veldig flink, og det var poenget, at ho ikkje skulle få den berømte “stiren” igjen. På heimvei trava vi forbi eit av hestegjerda, uten problem, og vi var god og varme begge to når vi kom tilbake til stallen. I tillegg til å vere ganske våte då… No har eg fått meg ein dusj, og tørre kle, det var berre deilig med ein litt frisk tur:)

Får sjå kva vi finn på i morgon, og tysdag er det tid for vaksine… Regnar med du kjem å vaksinerar, Maria? Nei, dumt du var i Budapest akkurat no, men, men;)

So long…

2 kommentarer:

  1. Kjempe bra ho va lydig i dag;)
    Vaksine ja, det e bra:) Så fe ho heller ta d me ro nokre daga :P

    SvarSlett
  2. Hehe, såg ikkje dinne bloggen før no ej! Ej skulle stilt på å gi ne vaksine ej, hadde ej bære vår heime!:P

    SvarSlett