torsdag, august 04, 2011

Gratulerer Liv Jorunn & Pokemann og Volda rideklubb

Volda rideklubb og fjordhest (spesielt NM) vil alltid bety litt ekstra for meg. Dette blogginnlegget er hesterelatert. Nye/fleire feriebilder kjem seinare.

I førre veke gjekk NM&Nordisk for Fjordhest av stabelen på Starum. Det blei til at eg fylgde med berre via internett og sms i år, og det vert ikkje heilt det same som å vere der å heie. Heldigvis har Liv Jorunn delt både video og bilder på bloggen sin, og ho sendte meg bilde og sms undervegs. Eg har lånt litt frå bloggen hennar her.

image

Liv Jorunn og Pokemann kan tittelere seg som både norsk og nordisk mester i dressurriding, i tillegg til to flotte sølvmedaljer i Nordisk Allround og NM Lag. Volda rideklubb tok nemlig sølvmedalje i lag, berre eit poeng bak vinnarlaget. Isabell og Brautar, som for anledninga i år reid for Volda (tidlegare Ørsta), tok bronse i nordisk allround, og ikkje minst tok dei gull i NM Senior!

Liv Jorunn og Pokemann i sjølvkomponert kür med musikk til.

image

Laget til Volda rideklubb som tok sølv. Anna og Faun Prins, Liv Jorunn og Pokemann og NM-vinnar i seniorklassa Isabell og Brautar.

Gratulerer til alle saman med nauta flotte resultat!

Fullstendige resultatlister og anna småplukk om stemnet er å finne på www.fjordhest.no/nm2011.

Bloggen til Liv Jorunn finn du HER (link).

tirsdag, mai 10, 2011

Endeleg beitetid!

Fekk dette kjekke bildet frå Mariann på Øye i dag, ei glad og fornøgd Sugar på beite!

bilde

God tysdag!

søndag, april 24, 2011

Nydlige Sunnmøre ♥

Innlegget om utstyr til sals/gis vekk finn du her (link)

Dette innlegget er opprinnleg publisert på den “vanlege” bloggen min, men sidan det er ein del hestebilder her, kopierer eg berre same innlegget hit Smilefjes

Eit lite bilderas av Sunnmørsnatur med litt hest og hund innimellom.

Langfredag og påskeafta baud på årets to første sommardagar! I dag er det fortsatt fint, sola skein tidlegare i dag, men det er ein del vind og no skyer. Men eg skal ikkje klage. Det er nydleg kjekt med slikt ver når vi attpåtil har fri!

image

Eg og mamma reiste til Øye på formiddagen i går, for å besøke Sugar. Vi kunne nok ikkje valgt ein bedre dag å sjå Hjørundfjorden på!

IMG_1770

Vel framme på Øye blei vi møtt av fornøgde hestar og blide folk!

IMG_1792

Vakker natur på Øye!

IMG_1796

Sugar og Andante har blitt veldig gode vennar - ingen tvil!

IMG_1799

IMG_1800

Sugar var ikkje så fotogen i går, ho var mest opptatt av å jåle seg for Andante, men Andante poserte litt iallfall.

IMG_1853

Og det gjorde denne frøkna her også - poserte altså.

IMG_1857

Neste gong vi besøker Sugar satsar vi på at ho er litt meir pratsom, men det er iallfall ingen tvil om at ho trives på Øye, og har det godt.

På ettermiddagen vart det ein tur til Flø, på Moods og Studio Hugo, og deretter grilling i fjøra.

IMG_1879

Den rosa traktoren til Moods utføre butikken…

IMG_1885

…er ikkje det einaste som fins i rosa der…

IMG_1886

Men mest fascinert blei eg over lyskrona i taket. Ikkje så godt å sjå på bildet, men den er laga av Norgesglas!

IMG_1887

Vi grilla i fjøra, med eingongsgrillar. Dei var nesten heilt umulege å få fyr på - ikkje pga vind, men pga mangel på tennveske på grillane. Men heldigvis var det tennveske å oppdrive på Flø - takk for redding av middagen til familien Røyset Roppen! Grillane var kjøpt i går, eg kjøpte til og med to for å ha ein i backup… Men kanskje har dei vore lagra frå i fjor, og tennveska fordampa i løpet av vinteren…? Jaja, det blei middag på oss!

IMG_1888

Flø er som alltid vakker!

fredag, april 22, 2011

Sugar på Øye

Innlegget om utstyr til sals/gis vekk finn du her

Tok nokre bilde når Sugar kom til Øye. Det er begrensa kor “fine” bilda blir når det er dekkenver og litt vått, men, men Smilefjes

IMG_1627

IMG_1628

IMG_1629

IMG_1630

IMG_1631

IMG_1632

IMG_1633

IMG_1634

IMG_1635

IMG_1636

IMG_1637

IMG_1638

IMG_1639

onsdag, april 20, 2011

Utstyr til sals/gis vekk

Har rydda i ein del utstyr no, og har ein del som nokon andre forhåpentligvis kan få glede av!

Det meste selgast til redusert pris, noko gir vi bort. Evt porto kjem i tillegg.

Har oppdatert her etterkvart, tek vekk det som er solgt/gitt vekk.

To saloppheng, svart (ubrukt), kr 80,- pr stk

image

---

To dekkenoppheng, svart (ubrukt), kr 100,- pr stk

image

---

Kvit dressursjabrakk str full, heilt ny, ligg fortsatt uopna, kr 100,-

SAM_1200

---

Ulldekken, nesten ikkje brukt (4-5 gongar). Str 135. Kr 400,- Muligens solgt.

IMG_1641

---

Vinterdekken, regntett og 350-360 gr fyll. Pent brukt. Str 135. Kr 400,-

IMG_1643

---

Skritteteppe, str 130x180 cm. Gis vekk.

IMG_1646IMG_1647

---

Regndekken frå Børjes str 135. Kr 300,-

IMG_1660

IMG_1661

---

Skrittedekken i fleece med litt refleks på, str full. Kr 150,- Har to like.

IMG_1664

---

Svettedekken str 135. Kr 100,-

IMG_1668

---

Utstyr som sendast i post, betalast på forhand og sendast som Norgespakke med sporing. Evt sendast det som postoppkrav, men då må beløp for postoppkrav betalast på forhand.

Kontakt meg på bloggen eller e-post annika.brandal(a)gmail.com.

mandag, april 18, 2011

Sugar fyller 21 år i dag!

I dag fyller Sugar 21 år, og det er 15 år sidan vi fekk ho hit! Heilt utruleg å tenke på kor lenge vi har hatt ho. Har skjedd mykje i løpet av 15 år!

Ein blir glad i dyra, det veit vi alle, men den dagen ein ikkje kan ha dei lenger, må kome før eller seinare. Dessverre. Både eg og mamma plagast med rygg. Det er mamma som har styrt med Sugar, og i løpet av vinteren har det vorte klart at ho ikkje kan ha Sugar lenger. Eg kan heller ikkje ha hest no, pga ryggen. Så i går reiste Sugar, men berre vekk på for, for eit år iallfall. Så får vi sjå kva som skjer i løpet av eit år.

image

Bildet er tatt 5-10 minutt etter ho kom fram til sin nye heim, på Øye. Ho har aldri vore der før, og har aldri helst på Andante før, men dei blei gode vennar med ein gong. Det kom ikkje eit hyl ein gong frå nokon av dei.

På kvelden fekk eg rapport om to fornøgde hestar som stod å klødde manke over boksveggane, og Sugar hadde funne seg godt til rette også i boksa, der ho hadde sjølvsagt rulla seg etter få sekund.

Som Mariann skreiv, dette blir nok eit dreamteam!

Gratulerer med dagen, Sugar!! Regnar med Andante og resten på Øye sørger for du får ein super dag!

søndag, januar 16, 2011

Lea Rolita til minne♥

Lea Rolita måtte vandre over til dei eviggrøne markar måndag 10. januar.

Nyttår 206

Sjølv om det er over eit halvår sidan Lea reiste tilbake til Volda, er ho stadig i tankane mine, og kanskje spesielt sidan ho var så sjuk som ho var medan eg hadde ho, og ho overlevde...

Lea 046

Lea reiste tilbake til eigar Janita i mai 2010, og blei så solgt vidare i september.

Lea har virkleg fått sin del av plager dei siste åra. Først den flåttbårne sjukdomen anaplasma (då eg hadde ho), deretter forfangne bakhovar som resultat av medisinering, og når alt såg fint ut, knekte ho ut store bitar av framhøvene, og no har ho hatt kolikk, to gongar i løpet av den siste månaden.Stallen 034-kopi

No har ho heilt sikkert funne att Rola, mammaen sin, som ho bodde saman med nesten heile livet, og storkosar seg med eviggrønt gras i ekte Lea-ånd, utan smerter, der ho får vere sin eigen sjef.

Desember 067

Takk for alle minna. Og takk til Janita, for at eg fekk bli kjent med Lea.

image

Kvil i fred, vakre venn!

mandag, november 08, 2010

onsdag, oktober 27, 2010

Imponerande, fascinerande, kult…

…eg har egentlig ikkje heilt funne det rette ordet for denne videoen…

søndag, oktober 10, 2010

Gratulerer Liv Jorunn og Pokemann!

Liv Jorunn og Pokemann har fått plass i satsingsgruppa til norsk landslag for dressur til Nordisk for fjordhest neste år.

Oppdatering 11. oktober: Liv Jorunn er tatt ut på landslaget!

image

Gratulerer så mykje!!!

Bildet er lånt frå facebook-profilen til LJ.

Artikkel på fjordhest.no