mandag, april 18, 2011

Sugar fyller 21 år i dag!

I dag fyller Sugar 21 år, og det er 15 år sidan vi fekk ho hit! Heilt utruleg å tenke på kor lenge vi har hatt ho. Har skjedd mykje i løpet av 15 år!

Ein blir glad i dyra, det veit vi alle, men den dagen ein ikkje kan ha dei lenger, må kome før eller seinare. Dessverre. Både eg og mamma plagast med rygg. Det er mamma som har styrt med Sugar, og i løpet av vinteren har det vorte klart at ho ikkje kan ha Sugar lenger. Eg kan heller ikkje ha hest no, pga ryggen. Så i går reiste Sugar, men berre vekk på for, for eit år iallfall. Så får vi sjå kva som skjer i løpet av eit år.

image

Bildet er tatt 5-10 minutt etter ho kom fram til sin nye heim, på Øye. Ho har aldri vore der før, og har aldri helst på Andante før, men dei blei gode vennar med ein gong. Det kom ikkje eit hyl ein gong frå nokon av dei.

På kvelden fekk eg rapport om to fornøgde hestar som stod å klødde manke over boksveggane, og Sugar hadde funne seg godt til rette også i boksa, der ho hadde sjølvsagt rulla seg etter få sekund.

Som Mariann skreiv, dette blir nok eit dreamteam!

Gratulerer med dagen, Sugar!! Regnar med Andante og resten på Øye sørger for du får ein super dag!

1 kommentar:

  1. Hipp hurra for Sugar :) Koselig bilde av dei gode vennane :)

    SvarSlett