søndag, august 16, 2009

Lea i Møre


Torsdag var der ei reportasje om Lea si sjukdomshistorie i Avisa Møre som kjem ut i Volda. Eg var ikkje klar over at avisa kom ut over store delar av Sunnmøre, så det var nok ein del fleire som fekk lest det enn eg trudde. Egentlig berre bra, for grunnen til eg sa ja til intervjuet, var nettopp å få fokus på flåtteproblemet.
 
Håper reportasja gjorde at nokre til blir obs på kor farleg flåtten faktisk kan vere – både for folk og dyr!
For spesielt interesserte, kan eg sjølvsagt sende ein innscanna versjon av avisartiklen på mail.

Elles er ikkje det så mykje nytt her, hestane går på beite frå morgon til kveld, og er like glad kvar kveld for å få komme inn, tørke opp, og få seg litt høy.

Forma til Lea er heilt grei. Ho går no fire døgn mellom kvar gong ho får metacam, og kanskje klarer ho seg snart utan. Ho er stiv, men travar på beite og er synleg full av energi, sidan ho ikkje har blitt trent på rundt to månadar.  Lite å gjere med det, eg berre gledar meg over at ho fortsatt ser ut til å vere på bedringens vei :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar