lørdag, januar 23, 2010

På køyretur

Det har ikkje blitt så mykje blogging i det siste, verken på hestebloggen, Mitzi sin blogg eller min eigen… Eg har tatt ein del bilder, skal sjå å få lagt dei ut i løpet av kvelden. Startar med dagens bilder iallfall!

Januar 008

Janita kom på besøk, og vi fikk oss ein fin køyretur. Det er lenge sidan Lea var i vogn sist no, men det gikk heilt fint. 

Januar 009

Sidan Lea fortsatt ikkje har heilt friske bakhovar blei det berre ein skrittetur, med nokre innlagte travsteg frå Lea si side.

 Januar 012Eg hadde kun med kompaktkamera på turen, så dessverre blei ein del av bilda litt uklare, men utsikta frå vogna var upåklagelig! Lea kler verkleg å ha på vogn og sele!

Januar 014

Her passerer vi Bakketun, der Von (hesten til Hege & Kai Ove) står ute, så Lea var litt ekstra interessert.

Vi kjørte framover mot Ulset, men fram på Øvrelid var der ein skiløpar på tur, som Lea syns var fole skummel. Ho stressa eit stykke då, men fann heldigvis roa igjen, og kosa seg siste strekninga heimover.

Januar 017 

Det var tydlegvis mange som nytta det kjekke veret i dag til ein tur med hesten. Vi møtte fleire langs veien, og etterkvart fann Lea ut at ho skulle oppføre seg normalt. Det var vel berre første hesten ho passerte at ho var litt ekstra på vakt.

Januar 019 Eg har leika meg litt med bilda. Skal sende dei originale bilda på mail til deg, Janita, så du får bruke i bloggen :)

1 kommentar:

  1. Kjempe fine bilde, tusen takk for dei eg fekk :) Kule med litt redigering, slik som du ha lagt ut her. Var kjempe kjekt å vere med dokke å kjøre, gler meg til neste gang :D

    SvarSlett