20.10-26.10
Lea har vore på Hjørungavåg ei god veke no, og det har vel regna sidan ho kom... Må innrømme at eg syns det kan gjerne kome nokre fineversdagar no, men vi har likevel fått oss nokre lufteturar denne veka...
Tysdag håpte optimisten meg at det skulle bli bedre ver, men om muleg bles det enda meir regn sideveis... Lea tenkte nok i sitt stille sinn når ho såg salen denne dagen, at enkelte gangar er desse tobeinte litt kjipe, men ho er nok van med litt av kvart. Noko anna er ikkje muleg her på desse kantar...
Vi utstyrte oss igjen med regnkle (eller wannabe-regnkle...) og refleks, og i dag fekk Maria teste seg på hesteryggen, noko som gikk heilt fint.
Sidan lyset stod på på ridebana, la vi turen innom den. Der var ganske vått enkelte plassar, men det er ikkje anna vente etter all nedbøren...
På heimvei måtte vi gå mot veret, noko Lea syns var ganske teit, så det endte med at eg var ly for ho...
Resten av veka regna omtrent vekk...
Onsdag gikk dagen bort til møter og trøblete billys, og torsdag vart eit kort jobbesøk i Ørsta til eit veldig langvarig og kosleg besøk.
Fredag skulle både Sugar og Lea få nye sko, med hælar på. Tok derfor inn hestane i 4-tida, og spyla dei gjørmete beina til Lea ute, noko ho tok med knusande ro.
Men då eg kom i stallen igjen, visste det seg at hovslagaren hadde tatt med for små sko, så det var kun Sugar som fekk nye sko på fredagen. Lea fikk i staden nye sko laurdags morgon, medan laurdagen for meg gikk med til jobb, og besøk av desse to karane...
Søndag såg det ut til å klarne litt opp med veret, så eg bestemte meg for ein tur ut litt ut på dagen. Men heilt ærleg så trur eg regnet og eg er uvennar... Når vi reid ut var det ok ver, men vi hadde ikkje komt lenger enn ned veien frå stallen, for det rann laust igjen, og slik holdt det på i rykk og napp medan vi var ute.
La turen innom ridebana i dag også - kjekt med lys! Kjekke Maria var med som "assistent" :) Lea fungerte stort sett veldig greit, men hadde eit lite hopp nede i eine hjørne. Men det var så lite, så brått og frå skritt. Der var kanskje litt ekkelt å gå, eller kanskje var det det grusomme veret ho fekk litt nok av...
Når vi valde å avslutte økta, svinga vi opp til stallen, så klarna det opp... Jaja, vi fikk oss ein frisk tur uansett!
Vi jobbar mest med å bli kjent og finne knappane endå, og det ser bra ut så langt.
Sugar trives veldig godt med å ha selskap, sjølv om ho av og til skal sjefe litt over Lea. Lea bryr ikkje seg i det heile... Då blir Sugar litt oppgitt, og Lea tittar berre rart på ho, før ho et vidare.
Sidan regnet har ausa ned, har det blitt lite med bilder då... Det kjem vi nok sterkare tilbake med!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar